Å drite eller ikkje drite, det er spørsmålet
Å drite er det som danna grunnlaget for bevisstheit. Fordi det å drite på feil tidspunkt kan vere traumatisk, er den bevisste kontrollen over anus ein defensiv respons for å mitigere den ekskrementelle angsten.
Seinare blir denne prosessen opphavet til underbevisstheita, når kontrollen blir automatisert og det som står att, er eit slags skjelett som dannar egoet.
Kanskje er dette grunnen til at, om vi tar av oss alle overtydingar, står alt att med ein brunstrek?
I så fall handlar idear eigentleg om éin ting: Kor det er best å drite.