I denne boka tek Žižek for seg det uløyselege gapet mellom teori og praksis, og han gjer det gjennom linsa av dialektisk 1 materialisme. Målet er ambisiøst: å bruke denne filosofiske tilnærminga for å navigere det komplekse forholdet mellom idear og hendelse. Sjølv i si uunngåelege feiling, handlar prosjektet hans om å “feile bedre” 2 – å finne innsikt nettopp i forsøka som ikkje lukkast fullt ut.

title.jpg

Hedonisme

Gapet handlar om vår søken etter Det Absolutte – den perfekte fantasien, det vi lengtar etter. Det skaper ubehag og skuffelse, fordi fantasien vår alltid overgår det verkelegheita kan tilby. Mange unngår å konfrontere denne feilen og tyr heller til hedonisme3 som ei erstatning – eit forsøk på å fylle tomleiken gjennom kortvarig nytelse.

I staden for å stride med dette gapet, føreslår Žižek at vi endrar korleis vi forheld oss til det. Han ser på gapet som eit kreativt potensial, der vi kan engasjere oss utanfor grensene for det vanlege – ein slags “galskap” der ufullkomenheit møter ufullkomenheit direkte.

Dialektisk materialisme

Žižek knyter dette gapet til dialektisk materialisme4 ved å sjå på det, ikkje som ei mangel som må overvinnast, men som ein prosess der motsetningar – ideen og det materialiserte produktet, draumen og verkeligheita – vert spelte ut i eit dynamisk forhold.

Dialektisk materialisme handlar ikkje om å finne ein perfekt syntese som løyser alle motsetningar, men om å forstå korleis desse motsetningane driv utvikling og skaping.

Med andre ord er styrken til dialektisk materialisme aksepten av at det aldri finst eit endeleg eller absolutt mål. Det er gjennom spenninga mellom ønsker og muligheter at vi kan opne opp for frigjering og kreativitet. Vi finn ikkje meining ved å fylle gapet, men ved å våge å leve i det – i den ufullstendige dansen mellom mogleghetene i gapet.


title.jpg

Excess

  • The excess of madness as a permanent ground of human reason.
  • The excess of deadly sexual passion which poses a threat to any stable relationship.
  • The excess of war which grounds the ethics of communal life.

Overmål, eller “excess,” representerer dei kreftene og fenomena som går utover det rasjonelle, det stabile og det avgrensa. Det er i dette overmålet – denne grenselause og ukontrollerbare dimensjonen – at vi finn grunnlaget for mange av dei sentrale paradoksa i menneskelivet.

Sexualized time

Convoluted structure of sexualized time, a time in which we can again and again return to the starting point.

Dette argumentet framhevar korleis forsøk på å finne fullstendigheit gjennom seksuelle opplevingelsar stadig ender i feiling. Dette speglar ikkje berre ei personlig utfordring, men ein universell eksistensiell dynamikk der jakta på oppfylling alltid glir unna.

The Absolute

Subjektet, slik Žižek forstår det, er ikkje ein essens eller fast substans, men eit negativt tomrom – ein mangel som spring ut av møtet med det Lacanske Realet. Der det Absolutte representerer eit punkt utanfor straumen av sannheiter, eit reint nærvær eller grunnlag, er subjektet ein kontinuerleg prosess, definert av si søking etter meining og sitt møte med avstand.

Det Absolutte er det som berre er, medan subjektet er det som alltid blir – ei rørsle som aldri kan finne fullkomen ro, men som gjennom si manglande oppfylling likevel peikar mot det Absolutte som eit umulig, men nødvendig ideal.

Det mest grunnleggande som står att kan kallast ein permanent permanentheit – noke som ikkje treng ein grunn for å eksistere, men berre er. Som ein flamme utan drivstoff, det eksisterar ikkje som resultat av noko anna, men som eit reint og sjølvoppretthaldande nærvær. Det er ein uforanderleg eksistens midt i den evige straumen av sannheiter.

image-center Illustrasjon

Absolute Knowing

Når vi seier éin ting, men meiner noko anna, og begge partar deltek i denne “leiken”, handlar Absolute Knowing om ei grunnleggjande innsikt i denne realiteten. Det er ein form for viten vi kan forstå på eit grunnleggande nivå, men dets fulle omfang og djupare betydning alltid vil ligge utanfor vår forståing.

Big Other

Act in such a way that your activity does not rely on any figure of the big Other as its ontological guarantee.

Framfor å stole på verdiar som berre er bekrefta gjennom den symbolske ordenen – “vitenskapen seier”, “tradisjonen krev”, eller “samfunnet meiner” – må ein erkjenne at denne ordenen (big Other)5 ikkje finst som ein absolutt autoritet. Big Other er ei samling av forventningar og uskrevne reglar vi internaliserer for å unngå å stå ansikt til ansikt med vår eigen fridom og ansvar. Om ein gir slepp på denne illusjonen, kan handlingane bli meir autentiske og uavhengige, snarare enn styrt av “ønsket til big Other”.

title.jpg

Less-than-nothing

Less-than-nothing, more-than-one and the excess over every couple, every form of two, which gives body to the impossible relationship between the two.

Žižek introduserer “less-than-nothing” som ein ontologisk6 kategori som går utover den tradisjonelle dualismen mellom “noko” og “ingenting”. Det handlar ikkje berre om tomheit, men ein slags negativ potensialitet – ein dynamikk der nye moglegheiter kan oppstå.

Dette peiker på at relasjonane og spenningane mellom polaritetar som “noko” og “ingenting” ikkje berre skaper eit gap, men gir rom for noko nytt. For Žižek er ikkje løysinga å overvinne dette gapet, men å erkjenne at sjølve gapet finst i det Absolutte.

Kort sagt: less-than-nothing er meir enn berre ingenting – det er potensialet for det som kan bli.

Fotnoter

  1. Dialektikk er ein metode for å analysere motsetningar, der konfliktar mellom tese, antitese og syntese driv fram utvikling. For Žižek avslører dialektikken ofte eit uløyseleg “sprik” i virkeligheita som driv prosessen vidare. 

  2. Uttrykket “feile betre” kjem frå Samuel Beckett si linje: “Ever tried. Ever failed. No matter. Try again. Fail again. Fail better.” Det handlar om å sjå verdien i kontinuerleg forsøking, sjølv når ein ikkje oppnår perfeksjon. 

  3. Hedonisme har røter tilbake til antikkens Hellas, der filosofar som Aristippos og Epikur fokuserte på korleis nytelse eller fridom frå smerte kan vere det høgaste gode. Moderne hedonisme er ofte kritisert for å vere overflatisk eller som ein unngåelse av djupare eksistensielle problem. 

  4. Dialektisk materialisme, ein marxistisk filosofi, undersøker korleis materielle motsetningar skapar samfunnsendring. Žižek utvidar dette til å inkludere idear og “Realet.” 

  5. “Big Other” er eit konsept frå Jacques Lacan som refererer til den symbolske ordenen – strukturar av språk, kultur og samfunn som formar vår identitet og handlingar. Žižek bruker dette konseptet til å analysere korleis vi blir påverka av og utfordrar desse strukturane. 

  6. Ontologi handlar om eksistens og tilværet. Žižek utvider dette til også å omfatte det som ikkje er – tomrom, negasjon og potensial – og utfordrar oss til å sjå korleis spenningar og gap formar virkeligheita. 

Updated: