Internett er ikkje berre ei maskin for informasjon – det er ei maskin for deterritorialisering. Frå dei første anarkistiske foruma til TikTok sin hyperkontrollerte doomscroll, har vi sett ein schizofren bevegelse mellom absolutte fridommar og begrensande gjerder.

Gilles Deleuze og Félix Guattari meinte at kapitalismen sjølv er schizofren: den løyser opp alle strukturar samtidig som den konstant kodar på nytt og reterritorialiserer. Cyberkulturen viser dette i sanntid:

👉 Memes som flyter frå ironi til alvor på sekundet – Sjå berre korleis Doomer vs. Bloomer starta som ein nihilistisk meme, men endte opp som eit psykologisk rammeverk folk identifiserer seg med.

👉 Digitale personaer som både er flytande og rigid overvaka – På Twitter(🤮) kan du vere fullstendig anonym og samtidig få kontoen din flagga av algoritmar dersom du brukar “feil” ord.

👉 Plattformar som lovar fridom, men eigentleg berre flyttar buret – YouTube reklamerte ein gong med «Broadcast Yourself», men struper no alt som ikkje er annonsevennleg.

Rhizomet

Eksempel på rhizom, eller på norsk: jordstengel. Sjølv små bitar av jordstengel kan føre til at ei ny plante veks opp. Det er ein gjengangar i ugrasplanter.

Internett var ein gong eit rhizom – desentralisert, villeiande, fleirdimensjonalt. Som ein potetåker av meining, der ingen veit nøyaktig kor dei ulike skudda heng saman under jorda, men der alt kan koplast og mutere i nye retningar.

Men no står vi framfor ein mogleg singularitet, den ultimate motsetningen til rhizomet:

💀 I staden for eit viltvaksande nettverk av kaos, får vi ein algoritmisk totalitet – altoppslukande, altpredikerande.

🧠 AI som ikkje berre prosesserer data, men formar tankane våre før vi tenkjer dei.

💸 Frå hyper-kapitalistisk cyberspace til fullført predikasjonsmaskin: Ein internett-Gud som veit kva du vil ha før du sjølv veit det.

Viral Logikk

Den virale logikken har alltid vore schizofren:

🐸 Pepe the Frog starta som ein uskuldig teikneserie, muterte til eit symbol for Alt-Right, og vart seinare gjenerobra av venstresida i Hongkong-protestane.

💊 AI-djupefakes gjer at ingen lenger kan stole på bilete og lyd – men skapar samtidig ein ny hyperrealitet der ‘fake’ har meir makt enn ‘ekte’.

💩 Shitposts blir politikk – sjå berre på Gamestop/WallStreetBets-kaoset, der eit meme-basert aksjeopprør skaka finansverda (og fortsatt gjer det).

Internett er ikkje berre ein kommunikasjonskanal, men ei kontinuerleg skaping og øydelegging av grenser. Dette speglar Deleuze og Guattari si oppfatning av schizofreni som ein metafor for kapitalismen si uavbrotne deterritorialisering og reterritorialisering. Internett opererer som ei dualistisk maskin, ein cybernetisk motor for både frigjering og kontroll.

Kvar Står Vi?

Så kvar står vi? Er vi på terskelen til ei ny deterritorialisering, der rhizomet held fram å skyte nye skot – eller på veg inn i singulariteten, der alt fell saman til ein algoritmisk eining?

Cyberkulturen har alltid vore schizofren. Spørsmålet er: Vil vi vere potetane under jorda – eller berre endå eit objekt i ei totalitær maskin som predikerer liva våre?

Eg skal i alle fall aldri snakke dritt om poteter igjen. Poteter er kanskje det einaste som verkeleg kan overleve i denne digitale ødemarka! 🌱

Updated: