Dette prosjektet starta med ein tanke: Kan idéane til Slavoj Žižek bli meir tilgjengelege? For mange kan livet følast som ein labyrint utan tydelege utvegar, og kanskje kan filosofien til Žižek provosere fram nye perspektiv – ikkje som ferdige løysingar, men som ein invitasjon til å tenke annleis.

Prosjektet har i takt med egenstudien fått egne bein og det er ikkje lenger tydelig kor grensa går for kva som egentlig driv det framover. Eg gjer ikkje dette fordi eg trur eg har noko “høgare innsikt” eller fordi eg ser meg sjøl som ein mester av sannheit. Enkelt og greit er dette ein måte å dele fascinasjonen min på. Det handlar ikkje om å veive med flagget for ei eller anna intellektuell dyd, men om å stille spørsmål som kanskje kan opne noke for andre, det vere gjennom ein potensialitet som ventar på invitasjon, eller eit hinder som treng passering.

I botnen av alt dette, ligg det ein grunnleggjande mangel – ein tomheit. Dette er ikkje ein perfekt struktur, ingen endeleg forklaring. Kanskje finn du noko her, kanskje ikkje. Men akkurat det – mangelen – er også poenget.